I Volda vart saka avgjort tysdag, då formannskapet bestemte seg for å bruke frå det kommunale næringsfondet til tiltaket. Løyvinga er på 55.000 kroner, det same som festspela har fått tidlegare år. I Ørsta kommunestyre vart det vedteke å nytte 55.000 kroner frå formannskapet og kommunestyret sine reservepostar. Ørsta si løyving er også den same som har vore dei føregåande åra.

Ikkje budsjettert

Verken Ørsta eller Volda kommunar hadde budsjettert med løyvingar til festspela i år. Dette trass i at det er avtale om slike løyvingar, og at dei er eit vilkår for at fylkeskommunen også skal løyve midlar. Nynorsk kultursentrum som arrangerer Dei nynorske festspela, vart både overraska og vonbrotne då det vart klart at kommunane ikkje hadde budsjettert med støtte i år.

Det var ordførar Rune Hovde (H) som bad om at saka vart teken til handsaming i kommunestyret i Ørsta.

Reservepostar

– Nynorsk kultursentrum har bedt oss om å vurdere saka på nytt. Volda kommune løyver no 55.000 kroner, og då meiner eg at også Ørsta må vurdere saka på nytt, sa ordførar Hovde. Han foreslo å nytte 35.000 kroner frå formannskapet sin reservepost og 20.000 kroner frå kommunestyret sin reservepost for å få finansiert løyvinga.

Ballett

Varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) likte saka dårleg.

– Viss vi hugsar tilbake til budsjetthandsaminga i fjor, var det semje om at vi i år ikkje skulle støtte nokon. Kommunen er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Det er mage gode føremål vi kunne og burde ha støtta, som ballett til dømes. Det vert eit feil signal når vi no skal støtte festspela, og brukar pengar vi i praksis ikkje har. Eg vil ikkje vere negativ, bere spørjande, sa Hovden.

Hans-Olav Myklebust (Frp) tala varmt for å gje støtte.

– Det er prisverdig av ordføraren å ta opp saka. Vi må vere klare over konsekvensane av ikkje å gje støtte, og det er at all anna støtte til festspela fell vekk. Eit døme er Matfestivalen i Ålesund, der kommunen sa nei til å gje midlar, og med det resultatet at fylkeskommunen også trekte si løyving. Eg ynskjer ikkje at Dei nynorske festspela skal kome i ein liknande situasjon, sa Myklebust.

Nasjonale festspel

Per Are Sørheim (H) støtta forslaget frå ordføraren.

– Dei nynorske festspela har ikkje berre ein lokal og regional verdi. Det er ei viktig nasjonal kulturhending. I denne saka må vi saman med Volda kommune ta på oss forvaltaransvaret, sa Sørheim.

Forslaget frå ordførar Hovde vart vedteke mot ro røyster frå KrF.