Heile 112 born deltok i sommarlesekonkurransen «Sommarles». Dette var over dobbelt så mange som for to år sidan, då 50 var med. Konkurransen er eit samarbeid mellom Ørsta folkebibliotek og fylkesbiblioteket.

– Kvifor trur du at fleire og fleire blir med?

– Ein av grunnane er vel at reglane er litt enklare no enn tidlegare. Før måtte ein skrive opp meir informasjon om bøkene, og så fekk ein poeng etter kor gamal ein var, seier biblioteksjef Birgitt Barstad Sørheim.

iPod til Skodje

Den gjævaste premien  denne gongen var ein iPod. Denne var det fylkesbiblioteket som hadde skaffa. Og borna frå Ørsta konkurrerte med alle dei andre leseglade borna i fylket.

For å vere med i trekninga av ein iPod måtte ein lese minst 10 bøker. 94 lesarar frå Ørsta var med i denne trekninga, men ingen vann. Det var det ei jente på 9 år frå Skodje som gjorde.

Kinobillettar og bøker

Alle dei som hadde lese over 5 bøker var med på trekninga av gevinstar som bøker, kinobillettar, og sekker. Gevinstane var det Sparebank 1, Tussa, Bok og Miljø, Haugen Bok, og Ørsta kino.

– Dei som las mellom 10–30 bøker fekk ein kinobillett, og dei som hadde lese mellom 30–50 bøker fekk to kinobillettar, fortel Sørheim.

Leselyst

– Kvifor arrangerer de slike tevlingar?

– Det er først og fremst for å stimulere til lesing og gi borna leselyst, seier  Sørheim

– Kvifor er det viktig at born les mykje?

– Det er mange grunnar til dette. Dei første skuleåra er det å få lesetrening, auke lesehastigheita og få auka ordforrådet sitt det sentrale. Når den «tekniske lesing» er på plass, er det om å gjere at dei finn dei rette bøkene. Dei som har rett vanskegrad og med eit innhald som barnet likar, forklarer biblioteksjefen.

Skulane

Biblioteket har nytta skulane for gjere konkurransen kjend. Alle skulane var representerte, sjølv om det har vore flest deltakarar frå sentrum.

– Det er dumt at filialane på Sæbø og Vartdal er stengde om sommaren, men trass dette har born frå Sæbø, Barstadvik og Vartdal også vore med, seier biblioteksjefen.

Feiringa

Før utdelinga av diplomane, og trekkinga av premiane, underheldt Bjørn Holum med song og gitarspel. Han song om Ole Brumm, ein Knutsen og Ludvik song, og eit par låtar til. Borna tralla med, og på ein song fekk dei vere med å dikte versa.

I tillegg til underhaldning, utdeling av diplom og trekking av gevinstar, var servering av bollar og sjokomjølk. Som vanleg var det  Tine og Westre bakeri som hadde  sponsa desse godsakene. Det var mange glade born og sjå, men ekstra nøgde var vel dei som hadde vunne noko. Johanne Totland vann kinobillettar.

– Kva bøker likar du best?

– Dei om Albert Åberg.

– Var det du eller foreldra dine som ville at du skulle vere med i konkurransen?

– Det fann eg ut sjølv, seier Johanne som er 6 år.

Håkon Woldseth på 7 år var den heldige vinnaren av boka «Storm og Albrikt lærer å svømme».

– Eg deltok på konkurransen i fjor også, fortel han.

– Kva bøker likar du?

– Rampete Robin kjem det raskt frå Håkon. Dette er også favorittserien til Nazamina Kahn på 10 år. Ho hadde lese 13 bøker, og vunne ei bok i serien «Stalljentene».

Johanne Totland vann kinobilettar. Det vart ho glad for. Foto: Ingvild Runde
Ida Marie Rekkedal og Madeleine Seifert var fornøgde med bollar, sjokolademjølk og diplom Foto: Ingvild Runde
Alle som hadde lese minst 10 bøker var med i trekninga av mellom anna bøker. Nazamina Khan vann ei hestebok Foto: Ingvild Runde
Bjørn Holum underheldt med song Foto: Ingvild Runde