Kulturskulen sine kammerkonsertar gir elevane ei fin mulegheit til å vise fram det dei har øvd på. Slik var det også denne helga, då sju elevar og fleire andre inviterte musikarar og lærarar fylte Ørsta kyrkje med klassiske tonar.

Musikarane trakterte både fiolinar, flygel, waldhorn, cello og harpe på konserten, av og til akkompagnert av lærarane. Veterandirigent Knut Ose var godt nøgd med dei unge musikarane i kommunane.

– Nivået er stigande, og her er nokre unge, framandstormande musikarar. Det er artig at dei får spele framfor eit publikum, noko som også har ein viss musikalsk oppdragande effekt, sa Ose.

Eit av dei meir eksotiske innslaga var Annette Sollie Hagen som spelte harpe. Etter det Møre-Nytt fekk opplyst er Sollie Hagen den første som har spelt harpe i Ørsta kyrkje, og ho er den einaste mellom Bergen og Trondheim som spelar instrumentet.

– Å spele harpe har alltid vore draumen, heilt sidan eg såg Flåklypa Grand Prix som fireåring, seier harpisten. Til dagleg arbeider ho som døvetolk i Ulsteinvik, men bur i Volda. Og sidan det er så få som kan lære henne å spele, må ho bruke utradisjonelle metodar.

– Då eg budde i Trondheim hadde eg ein lærar, men no tek eg timar via Skype (videokommunikasjonsprogram på Internett, journ. anm.) frå ein lærar i California, seier ho.

Kammerkonserten var ein fin start på helga for dei frammøtte, men fleire kunne med fordel teke turen for å høyre på musikarane. Neste sjanse til det vert 14. mai.

Tor Henrik Melle på kornett.