Komande laurdag inviterer Løye i lag både ungdomane og vaksne til Stødt. Løye i lag står bak Trandal Rock og i løpet av kvelden vil programmet til årets festival bli offentleggjort.

– Vi har først ungdomsarrangement med gratis inngang. Der blir det og pizzabuffet og brus mot betaling, seier Kristin Riise som saman med Maria Maude utgjer Løye i lag.

Husbandet vil spele slagarar frå scena og det blir gratis shuffleboard for dei frammøtte.

– Vi håpar at mange kjem. Dette er eit tiltak for ungdomen, og arrangementet er rusfritt. Ungdomsarrangementet er ope frå ungdomsskulealder og opp til og med 17 år.

Seinare på kvelden opnar dørene på Stødt seg for konsert og sleppfest.

– Husbandet vil spele også på kvelden og vi skal sleppe artistane til Trandal Rock.

– Kva kan publikum forvente seg på programmet i år?

– De blir ei god blanding melom lokale, ferske og røynde band. På programmet er det eit breiddt spekter innan rockesjangeren. Det blir nasjonale og regionale band, og det er godt kjende namn. Folk kan glede seg til sommaren og Trandal Rock.