Ung i Volda arrangerer gratis filmkurs for ungdom i vinterferien. Ungdomsklubben får besøk av DIGGA -digitalt og audiovisuelt akademi- som held intensivkurs på samfunnshuset. Intensivkurset er måndag 20. februar til fredag den 24. med premierevisning på laurdag.

Det fortel Volda kommune på si heimeside.

På kurset får deltakarane lære om skodespel framfor kamera, historie-skriving, filmredigering og mykje meir.

DIGGA sin visjon er å tilgjengeleggjere aktivitetar innan audiovisuell kunstformidling for born og unge med interesse innan digitale plattformer som til dømes YouTube, ulike podcast-appar og TikTok. Aldri før har born og unge produsert innhald på det nivået som det gjerast no i dag med internett og sosiale medier. Audiovisuell kunstformidling er ein av dei mest populære aktivitetane som born og unge driv med utanfor skuletida.