I helga var det duka for historias aller fyrste «TussaTreff». Med Hovden & Ørsta skulekorps som arrangør, var til saman 200 musikantar frå mellom anna Vartdal, Hjørungavåg, Dalane, Haddal og Gursken var samla for spele, lære, tevle og hyggje seg i sosialt samkvem, med messingmusikken som bakteppe.
Arrangementet vart halde på ungdomsskulen i Ørsta – med den lokale kraftleverandøren som hovudsponsor.
– Utan Tussa hadde vi aldri greidd å få dette til, seier Knut Steinnes, som er ein av initiativtakarane til treffet.
Høg kvalitet
Han fortel at målet er å skape eit levande korpsmiljø i området der Tussa har fotfeste, og at ein av nøklane for å oppnå dette er å gje ungdomen noko å strekkje seg etter.
– Dette skal vere eit arrangement der kvaliteten sit i høgsetet. Dersom ein skal klare å heve ferdigheitene sine, er det gull verdt å trene saman med likesinna, og få nye impulsar utanfrå.
Det er også difor ein nytta laurdagskvelden til å avvikle «Korpsidol», der musikantane tevlar om ein pengepremie på 10.000 kroner. Årets vinnar kom frå Vartdalsstranda.
– Vi håpar at denne konkurransen kan vere god motivasjon til å øve elles i året. Laurdagen vart i alle fall veldig vellukka, seier Steinnes, og viser også til framsyninga dei hadde i Ørsta sentrum, der responsen frå publikum ikkje lot vente på seg.
Læring
Fredagskvelden var det derimot Svein Hunnes og Bokkereidars Blues Band som stod på scena. Dagen etter fylte dei garva musikantane rolla som instruktørar for dei unge lovande.
Søndagen gjekk med til felles gruppeøving og minikonsert.
– Vi var litt nervøse i forkant av arrangementet, særleg fordi dette er fyrste gang det vert stelt i stand. Helga gjekk heldigvis knirkefritt, og det er sjølvsagt veldig kjekt, seier Steinnes.
Han roser Tussa som lokal sponsor, og seier dei har signert ein avtale som strekk seg over tre år. Initiativtakaren ser likevel lengre fram enn som så.
– Det er å få kome saman og øve med dei same folka år etter år gjev grobotn for god læring. Enkelte av årets deltakarar har sagt at denne helga er noko av det sværaste dei har vore med på, og det stadfestar synet om at musikantane har noko å sjå fram til gjennom heile året. Vi skal byggje opp «Tussatreff» til ein stødig tradisjon, seier Steinnes.