– Dette er veldig, veldig kjekt, seier Lene Aklestad. Dottera og tantebarnet har akkurat vorte avfotografert saman med nissen, også kjent som Q-Jon eller Jon Henriksen.

Sentrumsbutikkane gjekk saman for å skape liv i gata, og med pepparkakelandsby og nissehistorier lokka dei mange besøkande. Då nissen kom, aula det også av små, spente håpefulle. Saman song dei julesongar, og fekk høyre juleeventyr. Ute var det flott pynta med julelys i trea, og levande lys i form av faklar på bakken.

– Det er kjekt med liv i gågata, kommenterer Maria Tvergrov, som har med seg sonen og bursdagsbarnet Odin på seks og dottera Erika på tre.

Også Lene Aklestad set pris på arrangementet.

– Og så er det også veldig bra at folk møter opp når det først skjer noko, til trass for at vêret ikkje er det beste. Det er veldig positivt at folk engasjerer seg. Det var bra oppmøte i dag, så får vi håpe at dette er noko som vil halde fram.