– Vil du improvisere med meg – du ved det eine flygelet og eg ved det andre?
Spør komponist og professor II ved Musikkseksjonen, Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.
Han inviterer no den som ynskjer det å spele saman med han.
– Ein treng ikkje å ”kunne” spele. Kan ein trykke på tangentar med fingrane og trykke på ein pedal med foten, så er det pianokjennskap god nok i denne samanhengen, insisterer Åm.
Improvisasjon
Kvar onsdag er det ope for å ta aktivt del i ein felles, intuitiv 1-til-1-improvisasjon saman med Åm på auditorium BC i Kaarstad-huset ved HVO. I utgangspunktet er der ikkje publikum, men om folk ynskjer å ha med seg nokon, er det fritt fram.
– Eg vil gjennom dette prosjektet finne ut om felles, fri improvisasjon under slike rammer kan tilføre deltakarane noko av verdi, og i så fall kva. Difor ber eg kvar deltakar om å ta seg litt tid etterpå til å skrive ned nokre tankar om erfaringa, seier Åm..
Han vil syte for for Mp3-opptak av musikken – så sant det er i orden for dei som deltek.
Det er høve til 2 deltakarar kvar onsdag, ein kl 19 og ein klokka 20.
– Ta kontakt med meg på mobiltelefon, eller skriv seg på påmeldings- og timelista på døra til auditorium BC, viss ein har lyst til å vere med, seier Åm.
Og han poengterer: - Det er ingen ”opptakskrav”!