Den enorme boksamlinga til Ivar Aasen er no tilgjengeleg på nett, skriv NRK Møre og Romsdal. Ho inneheld mellom anna nærare 2500 bøker, aviser, tidsskrift på minst 20 ulike språk. Nynorsk Kultursentrum har stått for ein viktig del av arbeidet.

– Me har fått eit heilt anna innblikk i kva Aasen var oppteken av og korleis han arbeidde, seier bibliotekar ved Aasentunet i Ørsta, Siri Beate Gjerde.

For å finna meir ut om sunnmøringen har rundt 1000 bøker blitt sett gjennom frå perm til perm, og over 1000 markeringar har blitt funne.

– I bøkene har me funne gøymde små lappar som bokmerke, der han har notert seg ting, avrivne brev og dagboknotat. I tillegg hadde han planar om å bli botanikar, så han var veldig interessert i blomar. Me har funne små pressa blomar som han har funne.

Før ein gjorde denne grundige gjennomgangen, visste ein ikkje om alle dei små tinga Aasen har notert seg. Leiaren for Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, tykkjer det er interessant at det dukkar opp nye ting om Aasen som ein ikkje viste før.

Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, gler seg til å sjå framhaldet av granskingsarbeidet. Foto: Noregs Mållag

– Me får veta meir om kva han tenkte om aktuelle emne, korleis han utarbeidde og tileigna seg ny kunnskap. Han kjende mange folk, og no får me òg veta meir om dette vide nettverket. Eg gler meg til å sjå framhaldet av det som no kjem fram, seier han.

(©NPK)