Komande helg skal Ørsta og Volda ballettskule sette opp sitt fyrste Vårshow for året. Då dansar alle elevane innan klassisk ballett og moderne dans.

Framsyninga fell også på datoen for Dansens Dag den 29. april.

Våren

Klassisk dansarane sin del av framsyninmga heiter ”Vår i Landsbyen”, dette vert vakkert og litt humoristisk. Koreograf Renata Nagy Vynikalova har tatt utgangspunkt i A Dvorak sin nydelege musikk. Jiri Nagy har også denne gongen ansvaret for lyssetjing videoprojeksjon som vert nytta som scenografi.

Dei yngste dansarane

For dei yngste elevane i Ballettskulen, vert dette deira fyrste framsyning på scena på Ørsta kulturhus. Dei skal danse kyllingar som vågar seg ut i vårsola. Kostyma er i knall gult og sydde nett for dei. Det vert for alle ei travel veke med sceneprøve, generalprøve og to framsyningar, men det er nett Vårshowet ein jobbar fram mot gjennom heile vinteren.

Kostyme frå Tsjekkia

Ballettskulen brukar kvart år svært store summar på kostymer. Denne gongen skal dansarane syne at dei kjem frå ein landsby. Difor gjorde skulen avtale med Nasjonalteatret i Tsjekkia om kjøp av om lag femti folklore inspirerte kostyme derfrå. Dei eldste dansarane skal nytte desse.

Portrett

Koreograf Renata har har lenge vore fasinert av den meksikanske kunstmålaren Frida Kahlo. Ho er særleg kjend for sine portrett.

Sjølv sa Kahlo det slik: ”Eg målar mi eiga verkelegheit. Mi einaste sanning er at må måle fordi eg treng det. Eg målar det som går gjennom hovudet mitt utan å ta omsyn til andre. Eg lagar sjølvportrett, sidan eg er så ofte åleine, dessutan eg er den personen eg kjenner best”.                                                                                                Nett dette sitat er utgangspunktet for Portrett, og dansen si skildring av ein kunstnar sin lidenskap for sin utøvande kunst. Dette vert ein nydeleg og samstundes ein vemodig dans.

Magikaren innan videoprojeksjon

Jiri Nagy har laga scenografien i form av videoprojeksjon og han har også lyssetjinga. Nagy har ord på seg for å vere ein av dei dyktigaste i Norge nett innan videoprojeksjon nytta som scenografi.

Kostyma som vert nytta i dansen er delvis meksikansk inspirete, elles vil rekvisittar nytta i dansen spegle att tittelen. Musikken er miks, men gir assosiasjonar til Mexico den også. Denne framsyninga bør alle danse og kunstglade sunnmøringar få med seg.