For 18. gong inviterte Ørsta kulturskule til julekonsert i Ørsta kyrkje.

Den årvisse tradisjonen viste breidda av unge, spirande musikarar i Ørsta.

Rammene for julekonserten er prega av høgtid i den vakkert pynta kyrkja. Den raude tråden er julemusikk. Kulturskulelærarane arrangerer og tilpassar slik at det skal vere plass til alle som har lyst til å delta. Elevar i sitt første år får stemmer som passar, og spelar saman med elevar med mykje erfaring i slike samanhengar. I nokre av arrangementa er publikum med i allsang. Dette gir ei nær og god stemning.