Då klokka var 18:00 gjekk elevane elegant over den raude løparen. Damene var iført alt ifrå sumarlege antrekk til glitrande ballkjolar, og mennene imponerte med stilfulle dressar. Ikkje lenge etter at dei første var komne inn dørene, var heile storsalen fylt med elevar ifrå 1., 2. og 3. klasse på Medium og Kommunikasjons-linja, samt lærarar frå linja, kveldens jury og andre gjestar. Stemninga var lett, og både smil og latter smitta ifrå eine sida av rommet til den andre.

Sjå vinnarfilmen her: "Lev livet"

Ulike prisar

Konseptet for MK-OSKAR er at elevane som går på Medium og Kommunikasjons-linja skal nominere produkt innan seks ulike sjangrar, og deretter skal ein jury velje ut vinnarar frå alle sjangrane. Det er også mogleg å vinne både publikumsprisen, der publikum bestemmer vinnaren, og prisen for årets produkt, på tvers av sjangrar. Det som gjer arrangementet spesielt, er at elevane no slepp å tenkje på kompetansemål og sluttrapportar; det faglege presset er vekk, no skal elevane berre nyte framvisinga av dei nominerte produkta. Noko som også gjer at det er ein prestisjefylt kveld, er at juryen er sett saman av godt kompetente og profesjonelle dommarar; filmskapar og artist Runar Gudnasson, animatør Tiina Mänd Jüring, animasjonsstudent Steven Midtgård og PR-rådgjevar Olav Sindre Kriken. Tidlegare MK-elev, Steven Midtgård, synest at det var spanande å vere med i juryen. Midtgård vann publikumsprisen for ein animasjonsfilm i fjor då han sjølv deltok på MK-OSKAR.

– Nivået har heva seg litt sidan eg sjølv deltok i fjor, kanskje mest innanfor design, seier Midtgård.

Årets høgdepunkt

Programleiaren for kvelden var tidlegare MK-elev Melissa Kvalsund Nerland. Når alle hadde sett seg ved langborda, presenterte ho kvelden som eit av årets høgdepunkt for MK-elevar og -lærarar. Dei frammøtte fekk deretter sjå ulike innslag på storskjerm, som gjorde at det blei ei god og varm stemning. Både elevar og lærarar smilte, lo og klappa i hendene av underhaldninga.

Seks kategoriar

Då det var tid for å vise dei nominerte produkta, var det ein og ein lærar som gjekk opp på scena for å introdusere sjangeren. Under framsyninga var der mange flotte bidrag, der alle klassetrinna stilte sterkt. Etter framsyninga blei det servert mat, deretter quiz og underhaldning. Underhaldninga bestod av musikkelev Simen Rotevatn, som song og spelte gitar. Der var også innslag av Runar Gudnasson og Olav Sindre Kriken, der dei laga ein ny versjon av «Highway to hell» som slo godt an hjå publikum. I tillegg fekk elevar frå TK-klassa ved skulen (tilrettelagt klasse) vise ein musikkvideo dei hadde laga, med eigenprodusert rapmusikk. Då dommarane var komne fram til kva produkt som var best innan kvar sjanger, blei det utdeling av diplom og eit smykke med «gullperler». Alle klassetrinna stilte sterkt innan alle kategoriane, men der var ein film, laga av 2.-klassingar, som skilde seg ut. Dokumentarfilmen «Lev livet», laga av Randi Nordnes, Joakim Larsen og Julianne Lillebø vann prisane Beste film, Årets produkt og Publikumsprisen.

– Vi hadde nok forventa å få kanskje éin pris på grunn av tidlegare tilbakemeldingar, men vi hadde aldri førestelt oss å få tre prisar, seier Randi Nordnes.

Dei tre produsentane er einige i at det er ein personleg, meiningsfull og viktig film.

MK-familien

Etter alle inntrykka ifrå kvelden å dømme, var MK-OSKAREN ein minneverdig, morosam, underhaldande og inkluderande kveld. For nokre MK-elevar var det fyrste gong dei deltok på arrangementet, medan for andre var det siste gong dei fekk oppleve det – med mindre dei kjem attende som jurymedlem i framtida. Der var blanda kjensler i forsamlinga; nokre var spente, medan andre var vemodige. Likevel var der eit enormt fellesskap som knytte alle i rommet saman. Læraren Synnøve Moltudal blei sitert av programleiaren når kvelden gjekk mot slutten: «ein gong medlem av MK-familien, alltid medlem av MK-familien».

«Highway to Hovdebygda». Artig variant av AC/DC-låta «Highway to Hell», der Runar Gudnason smetta inn norske omsetjingar av kvar strofe, med ein eigen lokal vri. Olav Sindre Kriken song låta på originalspråket, Simen Rotevatn spelte gitar. Foto: Renate Bjørlykke Tunheim