Dyvik Husby har omsett Cash sine tekstar til norsk, og er ute på turne for å hylle mannen i svart.

Han har funne fram nokre låtar som viser Cash sine mange djupe og andelege sider. Låtane fortel om ein mann som levde eit liv frå nedst i rennesteinen til øvst på stjernehimmelen.

Hans-Erik Dyvik Husby er kanskje betre kjend som Hank von Helvete, tidlegare frontfigur i rockebandet Turboneger. Som Cash-tolkar gjev han publikum eit nært møte med countrylegenda, og det heile vert framført med sjel og stort truverd.

Før Dyvik Husby starta på Cash-prosjektet, reiste han land og strand rundt med å syngje musikk av Cornelis Vreeswijk, som han også portretterte på film.