– Vi arrangerer for femte gong i år, og ynskjer å markere dette med eit ekstra godt program, seier Kyrre Grimstad i arrangementsnemnda Bratt & Blått. Der sit han saman med Kjell Rune Klubbenes, Arne Moe, Knut Brekke og Terje Myklebust.
Det var dei same fem som i 2007 drog det heile i gang med Trandal Blues Experience på Christian Gaard. Då var det mest berre lokale namn, men opplevinga gjorde at ein ville utvikle konseptet til ein festival.
Festival
Og festival vart det. Kvart år sidan har frå tusen til femtenhundre fått med seg festivalen i den veglause bygda i Hjørundfjord.
– Det er faktisk ikkje slik at ein festival automatisk etablerer seg, og vert gjenteken år etter år. Fem år er ganske lang tid i denne bransjen, seier Grimstad.
På plakaten står Chris Jagger frå England, Dana Fuchs frå New York og USA og Vidar Busk med sitt originalband. Busk har vore på Trandalblues tidlegare, men då i eit anna konsept.
Lokale band
– I tillegg har vi med Bolga Blues Band, Frank Bjørdal and His Blues Revenge og Woodleg Odd. Det har vore dei lokale publikumsfavorittane, og vi ynskjer at Trandalblues skal ta vare på dei lokale banda, og gje dei ei scene, seier Klubbenes.
På programmet står også Kind og Blues og Ungblues, og i løda på Christian Gaard spelar begge dagar Pateys Pipe. Dette er veteranen Bent Patey sitt band. Han var med på å starte Bryggerigangen Bluesband i 1978, eit band som lenge var blant Noreg sine mest populære bluesband.
Hovudscena
Jagger skal spele på hovudscena laurdag kveld, medan Dana Fuchs og Vidar Busk står på hovudscena fredag kveld.
Trandalblues har etter kvart opparbeidd seg eit solid namn. Mange artistar ynskjer å spele på den heilt særmerkte festivalen. Chris Jagger er ikkje noko unnatak.
– Vi tok kontakt med Jagger via e-post, og fekk svar omtrent med det same. Han fortalde at han hadde høyrt om festivalen. Det var ein av musikarane Ray Gelato, som var på festivalen i fjor, som hadde fortalt om opplevinga si, fortel Grimstad.
Trandalblues fekk først namnet «Trandalblues Bratt & Blått». No heiter festivalen berre Trandalblues, for Bratt & Blått har utvikla seg til å verte namnet på dei som arrangere Trandalblues.
Bratt & Blått
– Og andre blueshendingar på Søre Sunnmøre. Sidan førre festival har vi under Brått & Blått-paraplyen hatt arrangement som har samla eit publikum på over tusen i Ørsta og på Hareid. Trandalblues er lokomotivet, men vi ynskjer å skape bluesscener fleire stader på Sunnmøre under Bratt & Blått-konseptet, seier Moe.
Jagger
Men fyrst er det Trandalblues, og arrangørane gler seg over at dei har fått toppnamn på plakaten. – Chris Jagger er nok ikkje like kjend som bror sin Mick i The Rolling Stones. Men han er eit solid bluesnamn i England. Han har spelt saman med dei store, og store namn har også medverka på hans prosjekt. Det har også hendt at Mick har kome på scena utan forvarsel, utan at vi kan garantere at han gjer det på Trandal ..., seier Grimstad.
Dana Fuchs er frå New York, og spelte i fjor på Notodden Bluesfestival. Der fekk Terje Myklebust kontakt med henne.
– Ho er eit fyrverkeri på scena, og er nok det mest rocka innslaget vi til no vil ha opplevd på Trandalblues, seier Myklebust.
Sponsorar
Trandalblues er eit arrangement som ikkje ville ha vore mogleg utan vesentleg sponsorstøtte.
– Inntektene frå billettsalen dekkjer ikkje utgiftene, for å seie det slik. Vi er nøydde til å ha samarbeidspartnarar, og vi er glade for at næringslivet vil støtte oss, seier Grimstad.