– Det går mot lydar som eg tenker er synd på ein måte, men så skammar eg meg nesten over at eg seier at det er synd.

Side Brok-rappar og formidlar Gudnason kjenner seg drege mellom to ytterpunkt. Han elskar dialekten sin og vil gjerne at den skal vere slik den er, men samstundes veit han at dialektar ikkje er konstante. Dei er i konstant endring. Slik har det alltid vore.

– Mor mi meiner at eg snakkar utvatna. Og bestemora mi meiner mor mi snakkar utvatna. Slik er det berre. Det er ingenting å gjere noko med, men for meg er det ein kamp mellom hjerne og hjarte.

Ungdomen i dag slappar ikkje av. Dei chillar. Dei seier ikkje «svært» eller «veldig», dei seier «sjukt», som i «sjukt mykje». Og det sluttar ikkje der.

«Oss» har vorte «vi»

– Vi seier «vi», fortel Håvard Overå Sætre og Fredrik Roth frå Vartdal ungdomsskule.

Dei er på besøk i Aasen-tunet for å høyre Gudnason og formidlar Aase Digernes snakke om språk gjennom skuleturneen «Snakk om språk!»

Håvard og Fredrik representerer to ytterpunkt. Håvard skulle gjerne ha snakka ei litt anna dialekt, mens Fredrik er nøgd med å snakke vartdaling. Bortsett frå at dei no ikkje lenger seier «oss» for «vi». Det høyrer til foreldregenerasjonen deira, meiner dei. «Oss skal på tur» er altså ikkje kvardagskost lengre.

Snakka bokmål

Men slik må det altså vere, ifølgje Gudnason, fordi det er naturleg. Sjølv fekk han si første store, språklege aha-oppleving då han kom til København som 23 åring.

– Ingen forstod kva eg sa.

Han måtte snakke bokmål. Ikkje oslodialekt eller austlandsk, men skriftspråket bokmål, for at folk skulle forstå han.

– Identitetskrise, seier han.

Det var då han byrja å skrive låtar. For å kunne bruke dialekten sin, som var ein så stor del av han.

Språkmedvit

Totalt var 250 elevar frå 10. trinnet på ungdomsskulane i Ørsta og Volda på besøk i Aasen-tunet denne veka. Turneen til Gudnason og Digernes, som er gjennom Den kulturelle skulesekken, handlar om å gjere ungdomen medvitne til språket sitt.  Kvifor snakkar dei slik dei snakkar. Kvifor er det så mange dialektar i Noreg. Er dei stolte over dialekten sin?

På det siste spørsmålet får Gudnason eit «tja» tilbake frå elevane frå Sæbø og Vartdal.

Gudnason fryktar ikkje for det norske språket, men trur det går mot litt likare dialektar.

– Fjella var hinder før. Dei er like store no, men no er det andre vegar å nå fram på. Fysisk og i tankane er vi stadig på farta. TV, Internett, telefonar. Vi høyrer ulike dialektar og språk kvar dag. Dette påverkar oss, enten vi vil det eller ei.