Før helga sette 8.-10.-klassingane på Sæbø skule opp musikalen «Løvenes konge», basert på filmen av same namn.

I musikktimane kvar torsdag sidan slutten av oktober har dei nitten elevane øvd på framsyninga, som handlar om løveungen Simba som må ta tilbake trona i kongeriket etter at hans vonde onkel tok makta frå faren.

Musikalen var delt inn i to delar, der elevane veksla mellom dialog og musikkinnslag.

Sett bort ifrå ein del sjarmerande småfeil, som eigentleg høyrer heime i ein skulemusikal, greidde elevane å gje ei fin tolking av musikalen.

Kostyme

Kostyma var av det profesjonelle slaget, og var lånt frå Vartdal skule som har hadde framsyninga i fjor.

– Dei hadde alle kostyma klare, noko som vart så freistande at vi heiv oss på. Men vi måtte tilpasse oppsettet litt, då Vartdal hadde over hundre elevar medan vi er berre nitten. Og så ville vi ha med band, sa lærar Ingvild Flatnes.

I løpet av månadene elevane har øvd på musikalen, har dei vore innom mange fag. Både digitale verktøy, engelsk og musikk har vore del av øvinga.

Sjølvforbetrande opplegg

Dei store musikalane på Sæbø skule vert vanlegvis sett opp kvart tredje år, medan ein har ei mindre framsyning dei to åra i mellom. På den måten får alle elevane oppleve ei storframsyning.

I tillegg vert utstyret betre mellom kvar gong.

– Billettinntektene gjer det mogleg å investere i nytt. I fjor hadde vi berre to arbeidslampar i ribbevegge. I år har vi kjøpt skikkeleg lys. Det neste no må verte eit sceneteppe, seier Flatnes.

Med seg på laget hadde Sæbø skule for sjette gong leigd inn Hans Robert Bondhus frå kulturskulen for å stable på beina eit eige husband. Han var innleigd for 6. gong for å lære elevane å spele.

Så kva syntest ungdomsskuleelevane sjølve om å opptre for ein sal fullsett av foreldre og slektningar?

– Det var kjekt og morosamt å få syngje, dramatisere og opptre for andre. Så får vi vise kva nitten personar greier å få til, sa Lisa Marie, Otilie, Thea, Inga Lena og Amalie.

– Men det var litt flaut og skummelt å vise det fram for foreldra. Vi hadde sommarfuglar i magen. Men skodespel er skodespel.