Andre etasje i klubbhuset på Legene var lite bruk og nesten gløymd for noko fekk ideen om å ta det i bruk. Ei avtale med bygdekvinnelaget kom i stand, og laget har sjølv teke tak og sett etasjen i stand. Veggene er nymåla, nye gardiner og nye trekk til puter har vorte sydd, i tillegg til at nye møblar er på plass og diverse utstyr.
– Vi er veldig glade for at bygdekvinnelaget tok på seg dette arbeidet, seier leiar Rita Irene Vatne i Åmdal IL.
– Hatt det kjekt
Det har vorte lagt ned både mykje tid og mykje pengar med å få ordna til i dei nye lokala.
– Vi leige inn folk for å måle, men både møbel og gardiner har vi trekt sjølv. Nye møbel er også på plass, og vi har heldt oss innan kommunen med Sandvik. Det såg litt forlate ut her då vi starta, men vi har lagt ned ein god del timar og har hatt det kjekt med arbeidet. Idrettslaget kan også leige ut etasjen til andre, men måndagskvelden er reservert oss. Vi vert sjølv ein del av idrettslaget her gjennom at både born og barnebarn har vore aktive, seier kvinnene.
Fast lokale
Bygdekvinnelaget likar å engasjere seg og er aktive. Dei arrangerer strikkekafé kvar måndag, men har no tatt sommarferie fram til hausten.
– Både møter og strikkekafé har vi hatt forskjellige stader i m.a. Lysfjøsen, men det er klart at det er kjekt å få på plass eit fast lokale. Det er også fleire som har møtt opp på strikkekaféen, seier Borghild Brekke og Elny Aambø.
I dag er det rundt ti aktive medlemmer i bygdekvinnelaget, men ein skulle ynskje at det var fleire som vart med.
– Vi byrjar å verte for gamle, og det dett nokon frå no og då. Vi har også gjort mange forsøk på å få med fleire, men det er ikkje lett å få til, seier kvinnene.