Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, var til samanlikning innom 78 kommunar i 2020 og 54 i 2021. Kulturinstitusjonen med verksemdene Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta besøkte i 2022 fleire kommunar enn Riksteatret, fortel ein fornøgd direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i ei pressemelding.

– Dette gjer oss til ein ekte landsdekkjande kulturinstitusjon. Få om nokon andre kulturinstitusjonar er til stades i fleire norske byar og bygder enn oss, seier Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum hadde elles så mange som 35.968 gjester på eige formidlingstilbod i 2022, ifølgje førebelse tal. Det er meir enn 10.000 fleire gjester enn i 2021. Utleige og vandreutstillingar kjem i tillegg.

Nynorsk kultursentrum fullførte i fjor også overføringa av innhald frå det tidlegare oppslagsverket Allkunne til Store norske leksikon.

– Fleire har fått tilgang til godt innhald om og på nynorsk. Det er godt for framtida for nynorsk skriftkultur, seier Sandsmark.

(©NPK)