Marit Lystad Johansen og Ingeborg Lystad, den førstnemnde barnebarn til sistnemnde, har samla nokre av sine beste fotografi og måleri til ei utstilling i lokala til fotograf Marta Lystad Johansen.

På utstillinga stiller Ingeborg ut måleri, og Marit fotografi.

– Eg har måla i heile mitt liv, men litt meir dei siste åra etter at eg vart pensjonist og slutta som fotograf. Då fekk eg meir tid, seier Ingeborg Lystad, som no er 85 år.

Inspirerer kvarandre

Marit rosar bestemora, og seier at ho er ein allsidig kunstmålar som meistrar dei fleste stilartar. Det går mest i olje og akryl, men den siste tida har Ingeborg også fått smaken på å lage bilete på data. Dette kan skodelystne også få sjå litt av på utstillinga.

Sjølv jobbar Marit som fotograf, og på utstillinga har ho særleg fokus på naturbilete frå Ørsta og Runde, i tillegg til nordlysbilete.

– Ho er flink, rosar Ingeborg tilbake.

Inspirasjonen hentar dei mykje i vêret og lyset.

– Og vi inspirerer kvarandre, og er kvarandre sine sterkaste kritikarar, seier Ingeborg vidare.

Allemannseige

Å vere fotograf i dag er noko heilt anna enn då Ingeborg Lystad fekk det som yrke. Mørkeromsarbeid er bytta ut med digitale hjelpemiddel.

– Alle har eit kamera i dag, og det er populært å ha det som hobby, kommenterer Marit.

Ingeborg seier at foto har vorte eit allemannseige. Det er noko alle har eit forhold til.

– Men det er ikkje så mange som viser bileta fram for andre. Vi ønskjer at det skal skje litt, og difor held vi denne utstillinga. Det er kjekt å få vise fram noko vi har jobba mykje med, seier Ingeborg.

Utstillinga vil henge heilt fram til jul, og er opa i opningstidene til Fotograf Marta Lystad Johansen. Fredag held dei også kveldsope, og det vil då vere muleg å helse på både Marit og Ingeborg.

– Og det er ikkje noko kjøpepress. Vi ønskjer å gi folk noko å kvile auga på. Det kostar ikkje å kome og sjå, seier Ingeborg.