Torsdag opnar Volda og Ørsta Kunstlag dørene for ungdomsarrangementet «Skapar-showcase», der kreativ ungdom mellom 15 og 21 år frå Ørsta og Volda og omland viser fram verka sine.

-Sju talentfulle ungdommar som driv med ulike sjangrar og teknikkar og eit mangfald av uttrykk innanfor biletkunst stiller ut verka sine, fortel leiar i Volda og Ørsta Kunstlag, Anne Ellingsen.

I tillegg blir det danseinnslag ved Volda og Ørsta Ballettskule og truleg også nokre musikk- og song innslag. Litt av føremålet med arrangementet er at ungdom med felles interesser skal kunne skape seg nettverk og få inspirasjon til vidareutvikling av evnene sine.

Og her er eitt til. Foto: Volda og Ørsta Kunstlag

Arrangementet går over tre dagar; torsdag, fredag og laurdag. Under den offisielle opninga torsdag vil ungdommane som deltek bli presenterte, og det blir kulturelt innslag. Elles inviterer ballettskulen til «Dans med oss» to gonger kvar dag.

-Det er ei stor glede for oss i Volda og Ørsta Kunstlag å få vere vertskap for ungdommen og resultatet av ungdommeleg aktivitet i form av biletkunst, dans og song/musikk, og vi håpar på stor publikumstilstrøyming, seier Ellingsen.