Festivalen starta i 2014 som ein vennefestival, og har framleis eit preg av «ei samling med venner» sjølv om festivalen no har vekse seg større.

– I år er det mange artistar frå USA, elles frå England, Skottland, Sverige og Danmark. Feire indiepop-legender kjem til bygda. Amerikanaren Gary Olson frå velkjende The Ladybug Transistor og norske Ole Johannes Åleskjær frå The Loch Ness Mouse likte seg så godt på forrige Indiefjord at dei sende inn ein søknad om å spele på årets festival, skriv Silja Haddal Mork i ei pressemelding.

Også Kip Berman frå den amerikanske shoegaze-suksessen The Pains of Being Pure at Heart tek turen til Bjørke. Kip speler med nyeprosjektet sitt, The Natvral, laurdagskvelden på Haukly – og songane til nemnde Pains, i Bakketunet søndag ettermiddag.

– Så må vi ikkje gløyme Noreg! Vi kan blant anna nemne Avind, som er Tonje Tafjord sitt prosjekt. Tonje er opprinneleg frå Tafjord, men no busett i Oslo. Tonje og gjengen hennar syng melodisk og fengjande indiepop på nynorsk. Stryn-guten Trym Torp Tvinnereim på 17 år frontar Blueboy. Trym syng om det å vere skeiv på bygda, seier Mork.

Festivalen sitt største høgdepunkt vert likevel dette – i følge Mork: Ulstein Mannskor og briten Nick Garrie i Bjørke kyrkje søndag føremiddag. 20 år gamle Nick Garrie har spelt på alt frå Spania-turnéen til Leonard Cohen til fredagar på ein lokal sjukeheim. Ulstein Mannskor har lenge vore ein favoritt for arrangørane – og i år møtast altså korsongen og indiepopen i Bjørke kyrkje.

Utan frivilleg arbeid – ingen festival

Festivalen er driven på rein idealisme. Alle inntekter går tilbake til banda og det er store dugnadskrefter med, både frå Bjørke og andre stadar i Noreg.

Og det er ikkje berre musikalske opplevingar som er planlagde denen festivalhelga. På Bjørke vert det mat- og handverksstandar, sal av antikvitetar og retrogjenstandar, guida SUP-turar, pop-up-pub, fossevandring, øl-, vin- og ginsmaking og mykje meir.