– Det var utruleg løye å vere med. Det er noko av det gildaste femtiårslaget vi har spelt for i alle fall, fortel Rune Brautaset i Vassendgutane.

For når eit av Noregs sine lengstlevande danseband skulle feire femtiårsdagen, kunne det ikkje skje utan bandet sine mest trufaste fans. Dei er det mange av.

3.500 frå heile landet

– Det kom i alt 3.500 personar, og dei kom frå heile landet. Dei fylte parkeringsplassane med bubilar, og det vart ei utruleg stemning, seier Brautaset.

Vassendgutane var inviterte til å spele for jubilanten og publikum, og det saman med ein knippe andre band, som Plumbo. Vassendgutane fekk ein time på scena, og det var ein time bandet utnytta svært godt. Dei spelte slager etter slager, og kjenning etter kjenning.

– Skal seie det var stas då vi til dømes spelte Ungkar med dobbeltseng, og alle 3.500 kunne han på rams. Då var det gjenklang frå veggene i Vikingskipet, fortel Brautaset.

NRK

Til stades i Vikingskipet laurdag var NRK. Statskanalen kom for å lage eit program om Ole Ivars.

Denne planen vart endra undervegs. For det vert ikkje berre eitt program, men to. Det andre skal handle om Vassendgutane.

– Vi fekk spørsmål frå Erik Forbod og NRK om dei også kunne få lage eit program med oss som tema, og nytta opptaka frå Vikingskipet. Dei merka seg stemninga, og såg at dei fekk gode opptak. Det har vi takka ja til, fortel Rune Brautaset.

Det einaste han førebels veit om sendetidspunktet er at det vert fram i mot jul.

– Det var ei fjør i hatten for oss at vi fekk lov til å spele på Ole Ivars sitt femtiårslag, og endå ei fjør i hatten vart det når det vart klart at vi også får eit eige fjernsynsprogram, seier Brautaset.