Gruppa slepp denne veka si andre plate, med ny, nynorsk barnemusikk «Lufta er full»

- Det vert kjempegøy å synge direkte i NRK, seier jentene, som er 10 og 11 år gamle.

Det vert to konsertar også denne veka. Torsdag held dei skulekonsert på Bratteberg skule og søndag er det sleppkonsert for plata på Kaarstadbygget i Volda.

desiBelle er ein av svært få barneartistar i Noreg som syng på nynorsk.

- Vi håpar skular og kor kan finne glede i å bruke ny, nynorsk musikk, seier komponist og dirigent Gaute Øvereng i ei pressemelding.

Tekstane på plata handlar om venskap, om å ta farvel, om å vekse opp og om å vere barn i Noreg i dag.

desiBelle har også spela inn to videoar til plata. Den eine er tatt opp i den gamle skulestova på Volda Bygdetun, den andre er spelt inn på toppen av Roppehornet i Ulstein.

Sjå videoen til songen «Draumereise» i vindauget over.

Jentene i desiBelle: Ragnhild Johanne Muren Olsson, Ingrid Marie Nupen, Sigrid Elise Muren Olsson, Hedda Jonette Øvereng, Susanne Marie Eiksund, Nora Jenny Øvereng, Frida Nordbø Halck, Lovise Ådneram, Eir Tormodsdotter Rotevatn Utne og Lina Ådneram (foto: Marius Beck Dahle)