Sommarljom er ein heilt ny musikkfestival med målsetjing om å skape liv i bygda ved å samle lokale artistar som er heime på sommarferie.

Det er operasongaren Karen Rosenberg Olsen og jazzkontrabassisten Audun Ellingsen som har teke initiativ til den musikalske opplevinga. Frå før har dei arrangert konsertar på Kunsthuset dei to siste somrane, men i år utvida dei det til å gå over to dagar med heile tjue artistar på programmet. Alt frå opera til jazz og pop vert spelt dei to kveldane, og musikarane står fritt til å blande sjangrar og lage sine eigne vriar på songane.

Dag to av Sommarljom er altså i kveld (fredag) på Kunsthuset.