Julefesten tredje juledag er tida for å sjå bakover i året som held på å verte avslutta og ein heiderspris til ein person, eller personar, som har gjort ein stor innsats i bygda utan eiga vinning i tankane, vert heidra dersom der er kandidatar. Dette året gjekk prisen til ein som har gjort ein stor innsats for å lage trivsel i bygda.

Det er Bondalen Frilynde Ungdomslag som deler ut prisen, og i år som tidlegare år, har det vore ein klar kandidat som har gjort seg fortent. Årets prisvinnar er ein kar som ikkje er å finne i skiløypene, men er elles svært glad å ferdast i naturen heile året.

Det at ikkje alle ville bruke ski for å kome seg ut i naturen, særleg i påska, gav Gunnar ideen om å rydde ei rås oppigjennom granskogen aust for Skorndalen. Her var det snøfritt seint om vinteren, så berre det vart framkomeleg, så kunne folk ferdast når dei ynskte det sjølve. Dermed sette Gunnar i all stille i gang med å rydde rås.

Etter han var ferdig med å kome oppå Storebakken og andre oppdaga verdien av ein slik tur, kom forslaget om å lage ei rås ned att lenger mot Skorndalen. Gunnar snakka med kjentfolk og fekk anvist kvar det hadde vore rås frå gammalt. Dermed vart ei fullverdig turrute laga, og Trimgruppa var ikkje sein om å ta den i bruk, og gruppa stod for namnet «Gunnarråsa» som var høgtideleg døypt i juli 2008 med snorklipping og seremoni.

At Gunnar no fekk heiderspris for arbeidet som han har gjort og gjer, er han svært stolt og glad for. Ei drivkraft i han for å legge ned så mykje arbeid har vore at til fleire som kjem seg ut i naturen og verkeleg oppdagar kva slags verdiar vi har rundt oss, gjer det betre å bu her for oss alle andre. I og med at folk går turar og legg ut bilete på Portal og FB frå naturen vår, gjer at bygda vert kjend verda rundt. Dette har vi no fått merke ved at her har kome mykje nye folk til bygda.

Gunnar kan ikkje få rost Bodil Skare og Trimgruppa for alle innslaga som ligg på Portal og FB, og ikkje minst dei flotte artiklane og bilda som Knut Hustad har teke. Ein artikkel som han set stor pris på er eit stykke som Knut har skreve på Portalen om hans gode venn, Anders Holen, som var ein fast brukar i råsa. Det siste tilbodet som no er på plass, er merking med refleks. Dette gjer det attraktivt å gå der i mørkret med hovudlykt.

I går på tredje juledag fekk Gunnar stadfesta at bygda set pris på han. På julefesten delte Bondalen Frilynde Ungdomslag ut den gjeve prisen til Gunnar. Det var Lisa Mari Follestad og Fredrik Johan Mo som stod for utdelinga på ein svært så fin og ungdommeleg måte, og Årets Bondaling 2014 var på scena og takka for prisen.