Forfattarane Stein Versto og Laura Djupvik kom begge med nye romanar i 2013 og samtalar med Magnhild Bruheim om desse.

Kvitt er den andre romanen til Laura Djupvik og handlar om ei sytten år gamal jente som forelskar seg i læraren sin. Romanen er ein studie i makt, begjær og forboden kjærleik. «Laura Djupvik har skrive ein god roman, lettlesen og medrivande og med psykologisk teft for kva som rører seg i ei ung jente på grensa til vaksenlivet», skriv bokmeldar Oddmund Hagen i Dag og Tid.

Nidaros er den første romanen til Stein Versto, som har skrive både novelle- og diktsamlingar tidlegare. Romanen er ei kjærleiksforteljing og eit trekantdrama om tre menneske som er knytte saman på måtar dei aldri hadde drøymt om. Romanen

tematiserer korleis det vi ikkje hugsar spelar aktivt med i livet vårt og formar relasjonar, reaksjonar og handlingar.

Musikarveninnene Einfrid Grindheim og Ingfrid Grimstad frå Ulsteinvik utgjer duoen Frid & Glede frå Ulsteinvik, og syter for god musikk.

Konkurranse

Tidlegare i år lyste Aasen-tunet ut ein konkurranse om å skrive det vakraste kjærleiksdiktet. – Responsen har vore overveldande og juryen får ein tøff jobb, seier programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet. Kjærleiksdikta er skrivne av kvinner og menn, gutar og jenter frå heile landet.

Vinnaren blir kunngjort under arrangementet. Fristen for å sende inn bidrag er måndag 10. februar.

Stein Versto. Foto: Ånond Versto