Musikalen har verkeleg fått sin renessanse i hovudstaden. På Det Norske Teateret har over 115.000 billettar blitt selt og reservert til The Book of Mormon. Torsdag hadde Hair premiere på Oslo Nye Teater, og før premieren var det allereie selt 25.000 billettar til førestillingane. Rockemusikalen fyller i år femti år, og tek for seg hippietida, den seksuelle revolusjonen og USA på 1960-talet. I rolla som Steve er ørstingen Kim Helge Strømmen å sjå på scena denne våren.

– Det er veldig stort å få vere med på denne oppsetninga i Oslo. Musikalen handlar om å stå opp og kjempe for det du står for, og reagere på ting som du meiner noko om, seier Strømmen dagen etter premieren.

I ensemblet: Ørstingen Kim Helge Strømmen er å sjå i Hair denne våren. Arkivfoto

Ørstingen har ein variert bakgrunn og er utdanna ved britiske Guildford School of Acting (2010-13). Tidlegare har han turnert med Singin’ in the Rain i Storbritannia og Japan, og han har medverka i mellom anna Doktor Faustus (CreationOslo), Like for like (Akershus Teater), Det er jul, det er jul (Oslo Familieteater), Ein Medtsåmmårnattsdrøm (Teater Framdrift) og turnert med Teater Joker. No står han på scene for første på scena på Oslo Nye Teater, og han er veldig glad for å få sjansen til akkurat det.

– No skal vi spele Hair fram til og med 28. april. Det er veldig kjekt å vere med og eit privilegium som skodespelar.

Strømmen oppmodar sunnmøringane om å legge turen til Oslo Nye Teater.

– Om du er i Oslo og har lyst i teateret ein kveld er Hair eit flott alternativ.