– For oss er dette kjempeflott. Det betyr utruleg mykje for ei stor gruppe menneske, sa dei to Merkestein-leiarane Ludvig Flåskjer og Øyvind Lied då dei torsdag tok i mot sjekken frå Kjell Larsen på Norrøna Pub.

– Vi spelar jo frå pub til katedral, og prøver å vere synlege på dei fleste arenaer.

Kjærkomne middel

Pengane skal gå til generell drift av Merkesteinane. Lied fortel at dei særleg kom godt med no, då registerreima på bandbilen deira nettopp rauk.

– Det var ei uventa utgift. Utan bilen hadde det vorte eit stort problem å få frakta folk og utstyr til og frå konsertar. Å få slike gåver betyr veldig mykje for oss. Vi har ikkje så store økonomiske krefter, og greier ikkje å tene nok på dei oppdraga vi har, sa Lied.

God kandidat

Pubvert Kjell Larsen seier dei har diskutert internt kven som skulle få årets gåvesjekk, og at Merkesteinane vart den beste kandidaten i år.

– Vi set pris på arbeidet som vert lagt ned i Merkesteinane, og vi kjenner nokre av medlemmene. Om pengane kan vere med å lette arbeidet deira, er vi glade for det, sa han.

– Vi er ei lita familiebedrift utan like mykje pengar som dei store konserna, difor er det ekstra viktig for oss at dei går til noko nyttig.

Fekk spelejobb

I samband med gåve-overrekkinga spurte Larsen om Merkesteinane kunne vere interessert i å spele ein konsert på puben seinare i år. Det takka dei umiddelbart ja til.

Det vert då snakk om ein konsert tidleg på kveld, med frivillig cover i døra til inntekt for bandet.