Både Malene Aambakk og Ingvild Øye har markert seg i sine idrettar, og vist at dei er store talent i handball og langrenn. Måndag fekk dei tildelt talentstipendet til Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

– Stipendet ska medverke til at ein vidareutviklar talentet sitt. I tillegg skal det utvikle idretts- og kulturlivet i regionen, og dermed er også talenta gode representantar for regionen, seier Bernt Østgaard i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

– Eit «unormalt» talent

For å kunne få talentstipendet må ein vere mellom 15 og 25 år, i tillegg til at ein utmerkjer seg i si grein, og då også på landsbasis.

– Malene Aambakk viste tidleg eit «unormalt» talent, og har spelt på dei fleste kretslag og regionlag. Ho har også vore på landslagssamlingar for årsklassa 17 år. På Volda sitt damelag har ho vore ein sentral spelar, og laget kjempa om opprykk til første divisjon førre sesong, seier Østgaard.

Fleire klubbar både i eliteserien og i første divisjon ynskjer å knytte Aambakk til seg, men ho har bestemt seg for å ta eitt år til Volda før vegen går vidare.

– Ambisjonar om å nå landstoppen

– Ingvild Øye er mellom dei 7–8 beste i landet i si årsklasse, og ho har ambisjonar om å nå landstoppen på ski. Ho vert framheva som treningsviljug og humørfylt jente, som er eit førebilete for andre. I snitt trenar ho femti timar i månaden, og resultata viser at ho er svært nær til å nå sine mål. Ho er også på kretslaget til Møre og Romsdal, seier Østgaard.

I junior-NM i mars gjekk Øye inn til to åttandeplassar på 7,5 km klassisk og 5 km fristil. Begge talenta har også markert seg på fotballbana, men har valt å fokusere på handball og ski for å nå lengst mogleg.

– Ekstra motivasjon

Både Aambakk og Øye var godt nøgde med å få tildelt talentstipendet, og seier at pengane vil gå inn i idretten som dei utøvar.

– Det er veldig kjekt å få eit slikt stipend, og så er det også litt ekstra motivasjon, seier Aambakk.

I tillegg til pengegåve på 25.000 kroner får også talenta eit keramikk fat som Ingeborg Rørvik Lejon frå Volda har laga.