Det er Silja Mork Haddal og kjærasten Mattias Lidehäll frå Sverige som står bak Ørsta sin ferskaste musikkfestival: «Indiefjord». For eitt år sidan flytta dei to frå London til Ulstein, men byrja etter kvart å sakne musikkmiljøet frå England. Løysinga vart å arrangere ein eigen festival på Bjørke, der dei inviterer band or artistar dei kjenner frå Sverige og London til å spele.

Halvt bjørking

Til saman tolv band/artistar og eit par DJ-ar er invitert til Bjørke laurdag 12. og søndag 13. juli.

– Bjørke er eit fantastisk område som vert kjekt å vise fram. Eg trur banda gler seg veldig til å kome, seier Silja Mork Haddal. Far hennar kjem frå Bjørke, så ho har ein del slekt og vener der, og er godt kjent i bygda.

Ein del av konsertane skal spelast utandørs på dagtid, medan resten vert sett opp på Haukly laurdagskvelden. Med plass til berre 130 gjester, gjeld førstemann til mølla.

– Det som er på dagen er ope for alle, men om kvelden er det gjesteliste. Det vert heller ikkje billettsal, men ein kan donere ein sum for å kome på gjestelista, forklarar Mork Haddal.

Samarbeid med lokale

Med eit avgrensa tal gjester, vert festivalen som ein intimfestival å rekne.

– Det som er bra med Bjørke er at det ikkje er «turistifisert». Vi ønskjer heller ikkje å kome dit og forstyrre, men lage noko som er kjekt for dei som bur på Bjørke også. Difor er festivalen ganske liten. Det som gjer det ekstra kjekt, er at det då vert veldig personleg. Og så håper vi det vert litt liv og røre rundt om i bygda, seier arrangøren.

Med seg på laget har Silja og Mattias fått fleire lokale aktørar, mellom anna Hjørundfjord Adventures, Bakketunet, Tind & Tare, Bjørke rom og camping og Hjørundfjorden Vandrarheim, og ikkje minst eldsjel Perry Bjørke som ordnar det meste av praktiske ting.

Indiepop omfattar artistar som stort sett spelar musikk uavhengig av store plateselskap. Musikkforma ber ofte preg av melodiske songar som handlar om kvardagslege ting.