Ho kjem saman med musikarane sine, og skal halde konsert på Ørsta kulturhus.

Skorgan har vore kjend i norsk musikkliv sidan ho var veldig ung, då først som pianist og seinare som komponist av kjende poplåtar som Casanova, Oliver og For vår jord. Saman med musikarane byr Anita Skorgan på smakebitar frå heile si lange artistkarriere.

– Vi får høyre hennar kjende og mindre kjende songar. På sitt lune og sjarmerande vis, dreg Anita oss til seg gjennom små historier og mimring mellom songane, fortel kulturhusleiar Janne Skarstein Grytten.

Saman med Jon-Willy Rydningen (tangentar) og Olav Torget (gitar) utgjer ho Anita Skorgan Trio.

Dette vert ein stemningsfull konsert, trur Skarstein Grytten.