– Vi i Aasentunet førebur oss no til å setje ut Lurivars utebibliotek ulike stadar i regionen. I Ørsta har vi i mange år hatt det ståande eit godt stykke framme i vegen mot Mossetra, men i år vil vi finne ein ny plass, orienterer bibliotekar Siri Beate Gjerde i Aasentunet til Ørsta kommune.

Ho foreslår at ein ny plass kan vere ved ein benk på baksida av det nye fonnvernet ovanfor Vallabøen, og lurer på om det er kommunen som er grunneigar.

– Det står utplassert ein benk under eit tre der som hadde vore ei fin plassering for ei sånn bokkasse, så då er spørsmålet om vi kan få løyve til det? Den blir sett opp i løpet av dei neste to vekene og blir plukka ned i løpet av hausten, orienterer Gjerde.