– Vi tenkte at det var synd at folk i Ørsta, som er Ivar Aasen si heimkommune, skulle måtte vente på denne boka, seier tunvert i Aasen-tunet, Ingrid Opedal.

Ikkje kvardagskost

Saman med kommunikasjonsrådgjevar i Aasen-tunet, Laila Walseth Lid, troppa Opedal opp på biblioteket fredag med bokgåva.

– Det er jo veldig kjekt at interessa er så stor at det er venteliste, seier Lid.

– Og det er ikkje kvardagskost at det er ei nynorskbok det er venteliste på, meiner Opedal.

Grepstad er direktør i Nynorsk kultursentrum i Aasen-tunet, og er for tida på turné for å promotere «Historia om Ivar Aasen» og si enno ferskare bok «Språksansen. Kalender om all verdas språk».

– Vi meiner difor det er naturleg at vi bidreg til at folk i Ørsta får lese desse bøkene, seier Opedal, og viser også til at Ørsta vart kåra til årets nynorskkommune nyleg.

Gåva var to bøker om Ivar Aasen, og eit eksemplar av den nyaste boka til Grepstad.

– Vi er veldig glade for samarbeidet med biblioteket, og ser på det som ein viktig institusjon i samfunnet. Det er eit lågterskeltilbod for alle, og svært viktig for formidlinga av nynorsk.

Biblioteksjef Birgitt Barstad Sørheim var svært takksam for gåva.