Det har vorte ein førjulstradisjon at Side Brok går i kompaniskap med lokale og nasjonale musikarar og lagar ein samarbeids-kassett kvar desember.

No er "Pina D 6 - The Knallness" ute på heimesida til Side Brok, med to samanhengande MP3-lydfiler. Filene er akkurat lange nok til at ein kan spele dei over på ein god, gamaldags kassett og høyre dei slik det er meininga ein skal høyre ein kassett.

Kassetten kan høyrast og lastast ned gratis frå Side Brok sine nettsider. Eit høveleg omslag til kassetten har dei også laga.