Liland er fødd i Ålesund og bur no fast i Geiranger der han driv si eiga kunstforretning, og der han sel sin eigen og andre sin kunst. Han blir karakterisert som figurativ kolorist mot det abstrakte. Han arbeider både med måleri, teikning, grafikk og mixed media.

Liland har kunstfagleg utdanning frå både inn- og utland, her kan nemnast både Warszawa, Ljubljana og Volda. Han har hatt ei lang rekke separat- og kollektivutstillingar både innan- og utanlands, og han er fast representert ved fleire galleri. Liland deltok på Vestlandsutstillinga i 1990, og i år er det 30 år sidan han hadde si første offentlege separatutstilling. Kunstnaren er ein lokal kjenning og han har tidlegare hatt utstillingar både i Volda og Ørsta.

Liland har også hatt fleire studiereiser og arbeidsopphald i ei lang rekke europeiske land og i tillegg kan nemnast USA, Sør-Amerika og Japan. Kunstnaren har teke imot forskjellige kunststipend bl.a. polsk- og jugoslavisk statsstipend, også frå Ålesund kommune og ymse andre legat.

Denne gongen har Liland med seg både måleri og arbeid i grafisk blanda teknikkar, og prisklasse for ei kvar lommebok.

– Denne utstillinga er med andre ord publikumsvennleg både når det gjeld pris og storleik på arbeida, heiter det i ei pressemelding frå Volda og Ørsta Kunstlag.