Stemmebandet feirar 20 år og inviterer til fest og konsert på Rokken laurdag kveld. På scena får dei hjelp frå Øystein Salhus, Øyvind Aspenes Robak og Leif Atle Strand.

– Vi byr på eit variert program, med musikk frå blant anna Irland, Sverige og Cuba. Men koret skal ikkje gjøre alt sjølv. Eg tek med meg trekkspelet, og skal spele nokre duettar saman med fiolinisten Øystein Salhus. Vi får også besøk av Øyvind Aspenes Robak, som er ein einar på argentinsk bandoneon og tango, seier Morten Bollerud, som skal dirigere Stemmebandet på Rokken laurdag.

Enya

Nokre av songane har følgt koret nesten helt sidan oppstarten for 20 år sidan, men det meste av stoffet som vert framført er nytt repertoar. Benny Andersson, Ward Swingle og Enya er nokre av komponistane koret presenterer. Men Stemmebandet har meir enn skjønnsong å komme med, ifølgje styreleder Gerd Skjong.

– Ja, vi inviterer alle som vil til jubileumsfest i kafeen på Rokken etter konserten. Vi håper mange vil ta kvelden saman med oss. Jo fleire, jo betre. I kafeen kan folk hyggje seg med uformell underhaldning, og det vert muleg å kjøpe noko å ete eller drikke, seier Skjong.