Syskena Jorun Marie og Ola Kvernberg er renommerte musikarar på kvar sin kant. Under Aasen-stemnet held dei konsert saman. Spennande, stemningsfullt og sjeldan.

Folkemusikk og jazz

Jorun Marie Kvernberg har gitt ut prisnominerte soloalbum og spelar i folkemusikkgruppene Majorstuen og Tindra. Ola Kvernberg Trio fekk svært gode kritikkar for si debutplate Night Driver for to år sidan. Han har turnert med mellom andre Thomas Dybdahl og komponert filmmusikk til Erlend Loes Nord. Folkemusikk er sjangeren til Jorun Marie, medan Ola oftare blir knytt til jazz. Søndag under Aasen-stemnet møtest dei til felles konsert.

Jubileumsåret

Ivar Aasen-tunet går mot eit jubileumsår. 5. august 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Feiringa er raus, inkluderande og varer eit heilt år. Språkåret 2013 blir eit jubileum ein aldri har sett maken til. Prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk held stemnetalen.

Orkankoret

Etter orkanen Dagmar sine herjingar i romjula 2011, samla bygda Oldedalen i Stryn seg og song «Mellom bakkar og berg». Dette synest arrangøren var så spesielt at dei like godt inviterte heile koret til Festspela.

Jorunn Marie Kvernberg kjem til festspelaMarius Beck Dahle