22/7/2011. Datoen har brent seg inn i det kollektive minnet til nordmenn flest, og vi slit med å forstå kva som får ein mann til å utføre slike grufulle handlingar. I ein serie av foredrag kalla «Søndagsdialogar», vil Ivar Aasen-tunet i haust setje lys på emne som freistar å gi oss meir kunnskap om dei ekstremistiske miljøa, og kva for vegar til dialog som finst i det fleirkulturelle Noreg. Søndag 25. september kjem religionsvitaren Øyvind Strømmen til Aasen-tunet.

Strømmen er utdanna innanfor journalistikk og religionsvitskap, og er ein av dei i som har følgt det høgreekstreme miljøet i Noreg tettast dei siste åra. I haust kjem han med bok om dette emnet.

Tre bølgjer

– I Ivar Aasen-tunet kjem eg til å snakke om dei tre bølgjene av høgreekstremisme sidan 1970-talet her til lands. Det er nynazismen, miljøet rundt folkerørsla mot innvandring på 1980-talet, og no sist det vi kallar for kontrajihadismen.

Strømmen vil setje dei tre bølgjene inn i ein historisk samanheng, sjå på korleis det har vore, og ta for seg eventuelle samanhengar.

– I tillegg kjem eg til å sjå på konkrete trekk i kontrajihadismen, særleg omgrepet einsame ulvar. Eg vil spørje om dette er eit omgrep som er nyttig å bruke.

På spørsmål om storleiken på dei høgreekstreme miljøa i Noreg, seier Strømmen at dette er vanskeleg å talfeste.

Internett

– Svært mykje av kontrajihadismen går føre seg på Internett, og nettet er stort. Det er kanskje 100 menneske som potensielt kan bruke vald, og då snakkar ein ikkje berre om terror. Men det er nok fleire som sluttar seg til dei ulike konspirasjonsteoriane i dette feltet. Eg vil likevel ikkje seie at det er eit veldig omfattande miljø, seier Strømmen.

Foredragshaldaren har vore mykje nytta som kommentator i media i dagane etter 22. juli. I tillegg til å vere bokaktuell, driv Strømmen òg sin eigen blogg.