Kvart år vert Monsiaden arrangert på Eidsåvoll i Vanylven kommune. Arrangementet let menneske med funksjons- og utviklingshindringar få konkurrere i ymse idrettsgreiner, i tillegg til at det sosiale har eit stort fokus. Mons Sandnes, tidlegare lensmann i Vanylven, er grunnleggjar for Monsiaden, og framleis primus motor. Med mottoet «trim deg glad» er Sandnes og dei rundt femti medhjelparane i Monsiaden klar for sitt attande år.

– Monsiaden 2013 går av stabelen onsdag 5. juni. Vi køyrer etter same lesten som tidlegare år, men noko som er nytt av året er at vi har plass til to bocchialag frå kvar kommune. Det er ein populær aktivitet som mange vil vere med på, seier Sandnes.

Monsiaden femnar vidt, og i fjor var ti kommunar representerte på Eidsåvoll. Første del av dagen tek deltakarane del i m.a. friidrett, aktivitetsløype og bocciaturnering. Alle som deltek vert premierte med anten pokal eller medalje. Etter aktvitetsrunden vert det invitert til mat i grendehuset ved stadion.

– Vi held på det tradisjonelle mønsteret. Så skal også seiast at ingen er fødd meister, og difor må det trening til. Deltakarane veit kva slags program som ventar, og for mange er det eit mål å slå fjordingane i bocchiaturneringa, avsluttar Sandnes.