Heile 90 elevar var med på konserten og kvelden baud på eit variert konsertprogram henta frå sjangrane: klassisk, pop, folk, musikal, blues og rock.
Aleine og saman med andre
Elevane ved kulturskulen har arbeidt med innslaga i 20 ulike grupper fram mot konserten. Samspel og band er eit tilbod elevane kan vere med på to gongar i året. Ein arbeider først aleine i lag med læraren sin, for så å spele i lag med dei andre på bandrommet.
Soloinnslag
Ein fullsett sal fekk onsdag høyre mange bandinnslag, men og solosinnslag: Ylva Torine Thon framførte Holberg suite, Opus 40 av Edvard Grieg på flygel. Eira Gjerløw Borgos spelte Fjordvals og Vals frå Shetland på fiolin.
Programleiarane var Elias Nikolai Åkre Grimstad, Odin Øye Hjellebrekke, Oline Krøvel og Vårin Ryste, alle elevar som bidrog på fleire av musikkinnslaga.
Samspel og band
Ørsta kulturskule tilbyr individuell opplæring på instrument gjennom året. Undervisninga er tilpassa kvar enkelt elev, også dei vekene når dei skal spele i lag med andre. Lærarane har ansvaret for øvingane, heilt til bandet står på eigne bein.
Erfaring med band og Kaihuset
Kulturskulen i Ørsta er heldig som har ressursar til band og samspelsprosjekt. Lærarane har god kunnskap i å arrangere fellesnummer, der både blåse-, stryke- og bandinstrument spelar saman. Fleire av lærarane har erfaring med band, korps og orkester.
Lokalitet og nærleik til ungdomskafeen er og ein ressurs. Kaihuset sitt bandrom og scene vert nytta i samspelsperiodene, i tillegg til kulturskulen sine rom. Dette gjer at vi får til å gjennomføre gode veker med samspelsprosjektet, før ein møter opp til «ekte» lydprøve og konsert på kulturhuset.
Samspeslvekene gir mykje glede og forståing av kva ein kan få til saman med andre.