Søndag fylte Ørsta og Volda ballettskule Ørsta kulturhus to gonger med framføringa av andre del av årets vintermatiné. Denne gongen var det dansarane i samtidsdans og klassisk ballett som var i elden.

Klikk deg gjennom bildeserien over for å sjå 57 bilde frå matineen.

I samtidsdans vart det dansa til fem ulike stykke, sett saman av koreograf Janine Konczak. I klassisk vart det framført eit utdrag av balletten «Tornerose», sett saman av Janine Konczak og Nina Samnuk.

Til saman var nesten 200 dansarar med på framsyninga. Framsyninga vart delt i to, både fordi skulen har så mange dansarar og fordi så mange ville få med seg showet. Alderen til dansarane strekker seg frå seks til tjuefem år.

– Dei er så flinke! Dei har trent sidan haustferien med koreografien, medan teknikktreninga starta før det, seier Synnøve Hill, styreleiar ved ballettskulen.

For to veker sidan var det dansarane i jazz og hip hop som var i sving. Her kan du sjå bilda frå deira framsyning