Statsbudsjettet manglar nynorsksatsing, konkluderer Nynorsk forum.

– Mange nasjonale og regionale nynorsktiltak får tilskot over statsbudsjettet. Frå og med 2000 har vi dokumentert kor mykje desse løysingane utgjer i prosent av det samla kulturbudsjettet (frårekna Den norske kyrkja). Aldri har nynorskindeksen vore lågare enn for 2015, heiter det i fråsegna frå Nynorsk forum, der m.a. Nynorsk kultursentrum i Hovdebygda er med. Direktør Ottar Grepstad er sekretær for Nynorsk forum.

Fire punkt

– Løyvinga til nynorsktiltak måtte ha vore 70 mill. kr høgare i 2015 for å vere på nivå med 2010, heiter det frå Nynorsk forum.

Det er særleg fire punkt Nynorsk forum krev forbetringar på. Det gjeld Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Norsk Ordbok, Det Norske Teatret og Nynorsk avvisenter.

– I tillegg strekar vi under at framlegget om kutt i pressestøtta må reverserast slik at løyvinga til pressestøtte aukar med 50 mill. kr. Dette vil mellom anna styrkje ei rekkje av dei avisene som fremjar språkleg jamstilling ved å bruke nynorsk på riksdekkjande nivå, seier Grepstad.

LNK

Nynorsk forum krev altså at Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) må inn att i statsbudsjettet.

– Den språkpolitiske organisasjonen LNK blei skipa i 1993, driv svært billig, har sidan 1995 fått statstilskot, som i 2014 utgjer nær 20 % av inntektene. Av 123 medlemer er 103 kommunar og fire fylkeskommunar. Berre LNK arbeider systematisk for språkrøkt og bruk av nynorsk i offentleg forvaltning på regionalt nivå. LNK driv også gode digitale tenester for unge lesarar – Framtida.no, Magasinett.no og Pirion.no. Det bør løyvast 1,8 mill. kr, heiter det i fråsegna.

Norsk ordbok

Som eit andre krav er vidareføringa av Norsk Ordbok med mellombels prosjektorganisasjon.

– Norsk Ordbok er eit av dei fremste vitskaplege ordboksprosjekta i Europa. Band 12 kjem ut våren 2015, og dette er dekt i statsbudsjettet. I spørjetimen 15.10. stadfesta statsråd Widvey at det er viktig å ha ein digital versjon av Norsk Ordbok. Den etablerte prosjektorganisasjonen smuldrar no opp fordi UiO har sagt opp alle tilsette med verknad frå 31.12.2014. Ein mellombels prosjektorganisasjon må etablerast for å sikre at arbeidet held fram med å fulldigitalisere band 1–5 (alle ord frå a til h) og kontinuerleg oppdatere verket. Dette krev 4 mill. kr ekstra i 2015, heiter det i fråsegna.

Jamstelling

Nynorsk forum krev at Det Norske Teatret og Nationaltheatret må jamstillast.

– I Budsjettinnst. S nr 12 (1990–91) heiter det at «Komiteens flertall, alle unntatt Fremskrittspartiet, understrekar at Det Norske Teatret og Nationaltheatret er likestilte riksscener.» Særleg etter 2000 har likevel avstanden i løyvingar auka, og for 2015 inneber statsbudsjettet ein skilnad på 24,2 mill. kr. Med eit tillegg til 2,5 mill. kr til Det Norske Teatret får begge teatra same auken i kroner, heiter det i fråsegna.

Til sist krev Nynorsk forum at Nynorsk avissenter må få fast offentleg tilskot.

– Med privat og offentleg finansiering opna Firda Media AS i Førde i 2013 Nynorsk avissenter. Denne effektive og billige opplæringa i moderne avisjournalistikk og nynorsk språkrøkt styrkjer rekrutteringa til 59 nynorskaviser landet rundt med åtte nye nynorskjournalistar i året. Full drift frå og med 2015 kostar 2,8 mill. kr, og Nynorsk avissenter treng 2,2 mill. kr i statstilskot kvart år, seier Nynorsk forum.