Samrøystes ber kommunestyret om at pressestøtta ikkje vertendra for desse avisene.

Det var Jostein Mo (ap) som bad om at kommunestyret kom medei fråsegn. Ordførar Rune Hovde er i utgangspunktet skeptisk til å handsameforslag til fråsegner som kjem over bordet. Men han gjorde det klart at hanikkje ville setje seg i mot handsaming. Han bad kommunestyret godkjenne at sakavart sett på sakskartet, og eit samrøystes kommunestyre gav tilslutning tildette.

Lokale aviser

I fråsegna vert det altså vist til Kulturdepartementet sittforslag om å fjerne pressestøtta til aviser mellom 4.000 og 6.000 i opplag frå2014. Forslaget er no ute til høyring. Det er aviser som Møre-Nytt, Vikebladet/Vestposten,Vestlandsnytt  og Fjordingen som vilverte råka av dette.

Kommunestyret legg vekt på det språkpolitiske i fråsegna.

- Desse avisene har ein viktig demokratisk og språkpolitiskfunksjon lokalt og regionalt. Utan pressestøtte vil desse avisene få redusertkapasitet til å følgje opp saker og samfunnsgagnleg informasjon, som i mangehøve er med på å skape engasjement, samhald og medverknad, heiter det ifråsegna.

Nynorskaviser

Vidare påpeikar kommunestyret at det mellom avisene som erforeslått å misse pressestøtta, er mange nynorskaviser.

- Gode nynorskaviser er også eit verdfullt innslag imedieverda, og dei er med på å styrkje språkleg jamstelling på ein god måte,heiter det i fråsegna.