–Vi har valt ein sprek variant av t-skjorter i år, både i fargar og materiale. Med våren er det mange som får ny giv til å kome seg ut, og vi håpar at t-skjortene kan vere ein ekstra inspirasjon til fysisk aktivitet, seier tunvert Ingrid Opedal.
Festspeldiktar Arne Moslåtten, kjend som låtskrivar til Hellbillies, har skrive teksten til både t-skjorta og festspelkruset og begge produkta er no klare for sal.
Drivstoff for humøret
Teksten «drivstoff for humøret» prydar t-skjortene i år. Teksten til Moslåtten er henta frå songen «Du er den» på siste albumet til Hellbillies. – Sitatet høver godt til den stemninga vi ønskjer å formidle med Dei nynorske festspela, seier Opedal.
Festspelkrus
Festspeldiktar Moslåtten har også spesialskrive eit kaffistev til årets Festspelkrus. Kruset, som har blitt eit samleobjekt for mange, tel no 10 like krus med sitat frå dei ulike Festspeldiktarane frå 2003 til 2012.
T-skjortene vil i vekene før Festspela vise godt att både i Ørsta og Volda sentrum, men allereie no kan ein kjøpe både t-skjorter og krus både i Ivar Aasen-tunet og i nettbutikken.