Frå søndag 22. april og utmånaden markerer Aasen-tunet Verdas bokdag med spesialtilbod på bøker. Ein avgodbitane er eit unikt tilbod på bøker av og om Anders Hovden og fleirepopulære barnebøker har no sterkt reduserte prisar. Kafeen freistar mednysteikte vaflar og håpar at sola skal skine i utekafeen.

–Boksalet blir både i Aasen-tunet og nettbutikken og her er det førstemann tilmølla, seier tunvert Ingrid Opedal. Ho håpar på godt vér, så folk kan ta medbåde bøker og biteti i utekafeen eller Hovdeåsen.

Verdasbokdag er måndag 23. april og over 100 land feirar dagen. I Noreg har vi feiraVerdas bokdag sidan 1997 og Aasen-tunet markerer dagen saman med mellom andrebibliotek, skular og foreiningar.

Gammal tradisjon frå Barcelona

Verdasbokdag bygger på ein gammal tradisjon frå Barcelona, der ein kvart år på samedag set byen i bokas teikn. I 1995 bestemte UNESCO, FN sin organisasjon forutdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, at 23. april skal vere Verdas bok-og opphavsrettdag. Ein festdag for boka, men også ein dag for ettertanke ogfellesskap.

FNsi verdserklæring slår fast at alle menneske har rett til frie ytringar, frie meiningarog rett til fritt å skaffe seg informasjon. Mange land krenkjer desse rettane,der forfattarar blir forfølgde, fengsla og drepne. – Bokdagen er ei markeringav boka si rolle i samfunnet, boka som uttrykksform for språkleg og kultureltmangfald, for utdanning og for kommunikasjon, seier tunvert Ingrid Opedal.