Ved Volda ungdomsskule kan dei å lage fantastiske show. Dei har arrangert «Grand Prix» i over 10 år, og veit korleis det skal gjerast. Torsdag var dei i gang igjen. Skuleplassen var sprengfull av bilar, inne i skulen var det også svært folksamt.
Det som møtte oss når vi kom inn i aulaen var ei diger scene, eit lassevis av lyskastarar, røykmaskiner, vakter i refleksvestar og spente ungdommar og lærarar.
Kulisser og konsept
Då klokka var der braka det heile laust. To stivpynta programleiarar entra scena og kunne mellom anna by på ei videohelsing frå Elisabeth Andreassen som yngste alle lykke til med kvelden.
Første klasse ut var 10b, med songen «Sigøynerliv». Dei gjorde ein god figur både når det gjaldt dansing og musikk.
For å gjere det godt i konkurransen fortalde vertane for kvelden at dommarane både kom til å sjå på kostyme, dans, song, musikk, kulisser, tema og utstråling.
Nokre av dei klassene vi etter kvart fekk sjå hadde flotte kulisser. Elevane i 10 a hadde mellom anna laga ein kopi av Eiffeltårnet, som var skikkeleg imponerande.
Andre klasser hadde eit veldig gjennomført konsept slik som 8c med låten «Død og kjærleik». Heile gjengen var her utkledde i svarte og kvite klede. For enkelte kunne kanskje dette vere litt vel dramatisk.
Kvardagsheltar til topps
I løpet av kvelden fekk vi besøkje ulike røyndomar og «land». Det var «Spelverda» med 9b, « Disney» med 9d, og «Godteriland» med 8b. Den songen som etter kvart vart kåra til vinnar handla derimot meir om det verkelege livet. Elevane i 10c hadde saman laga låten «Kvardagsheltar» der vi fekk sjå brannmenn, politifolk, sjukepleiarar og andre i aksjon. Dei hadde gode solistar, dansinga hadde god timing, kostyma var gjennomførte og innhaldet falt i smak både hos publikum og dommarar.
Smørkrise og matøkt
Nokre klasser hadde teke tak i aktuelle samfunnstema som «Smørkrisa» med 8d og «Latskap» med 8a. Den sistnemnde handla om det at ungdommane sit for mykje inne og spelar spel. Og om foreldre og besteforeldre som masar om at alt var så mykje betre før.
I avslutningsnummeret fekk vi bli med på ei tidsreise, der vi fekk treffe både Elvis, eit gospelkor og dansarar i 20-tals kjolar.
Eit innslag som fekk mykje applaus var «Kultur» med 10d. I denne klassa går det elevar frå 12 ulike land.
Då alle klassene hadde vist seg fram var det matpause. Ein kunne kjøpe seg smørbrød, kaker og pølser med brød fleire stader på skulen. Alt var skikkeleg velorganisert.
Godt miljø
Før dommarane fekk seie sitt, song «The Voice-deltakar» Ida Glomnes to songar, og lærarane fekk utfalda seg på scena. Vi fekk sjå både Sp-leiar Signe Navarsete, smakebitar frå
«Torsdagskveld frå Nydalen» i eigen versjon og mykje anna gøy.
Ordførar Iversen var på plass med takk og gåver og rektor kom med nokre velvalde ord, mellom anna om at både lærarar, elevar og foreldre har teke tak i problema som skulen hadde i haust, og at dei no har eit godt skulemiljø.
I dommarpanelet sat i år desse: Jo Sindre Ertesvåg Ørstavik, Heather Taws, Ida Glomnes, Birgit Berg, Elin Opsal og Yngvild Birkeland.
Resultatet vart slik: 10c fekk 60 poeng, 10b 53 poeng, og 10a 50 poeng.
Alle med
Ein av dei sentrale personane i «Grand Prix- opplegget « ved Volda ungdomsskule er Klaus Blø. Han fortel at hovudføremålet med dette arrangementet er å få til eit godt skule/klasse-miljø.
– Mottoet vårt er «Alle med». Det vil seie at alle elevane skal på scena. Dette har vi greidd i år også. Vi har berre nokre elevar som er på treningsleir og eit par som måtte melde avbod på grunn av sjukdom, fortel han.
– Kor mykje tid brukar de på dette?
– Song og tema er bestemt før jul, men kulisser, kostyme og innøving av dansane skjer veka før showet. Då er elevane her frå tidleg morgon til seine kveld, fortel Blø.
Lyd- lysanlegget leiger dei kvart år frå «lydkjellaren» i Ålesund. Så det er ikkje noko tull.
Det einaste problemet ved skulen er at ikkje alle som vil får plass i salen.
– Billettane vert selt ut på ein to tre. Dei eldste elevane må sitje i gymsalen for å sjå framsyninga. Vi hadde verkeleg trengt eit kulturhus er i Volda, seier Blø som er musikklærar og «Grand Prix-general «ved skulen.
– Er det alltid 10.-klassingane som vinn?
– Nei, det er det ikkje. For nokre år sidan var det ei 8. klasse. Vi opplever at dei som går første året på ungdomsskulen er veldig tende på oppgåva. Dei har gjerne snakka om kva dei skal gjere sidan barneskulen, fortel Blø.