Vårshowet til ballettskulen har vorte kjent for å halde eit høgt kvalitetsnivå. Framsyningane laurdag og søndag var ikkje eit unntak. Med fullsett sal på begge framsyningane fekk publikum sjå eit todelt program med klassisk ballett i første halvdelen og moderne dans i andre halvdelen. Den klassiske avdelinga hadde i år tittelen “Vår i landsbyen”, med til saman 120 dansarar i alderen seks år til eit par og tjue år på scena.

Sjå biletserie frå framsyninga

Nye kostyme

Eit løft for vårshowet og ballettskulen er at dei nyleg har gått til innkjøp av kostyme frå nasjonalteateret i Tsjekkia. Styreleiar Synnøve Rekkedal Hill er glad for investeringa.

– Vi har alltid hatt fine kostyme, men det er spesielt å ha så mange dansarar i så profesjonelle kostyme, meiner ho.

Dyktige koreografar

Den første, klassiske delen av vårshowet bar preg av å vere lyst og luftig, med munter dans frå store og små ballettdansarar som svirra rundt i landsbyen som vart projisert på scena. Scenografien var det som tidlegare år Jiri Nagy som hadde ansvaret for. Nagy er blant dei fremste i landet innan scenografi, og brukte projektor og bilete til å skape kulissar og effektar til framsyninga.

Også koreograf Renata Nagy Vynikalova hadde gjort eit godt arbeid med det som skjedde på scena, både i forkant av framsyninga og som medverkande i andre del av framsyninga, som var lagt opp som ei reise gjennom livet til den meksikanske kunstmålaren Fria Kahlo.

Også her brukte Jiri Nagy prosjektor og lyd som sterke verkemiddel for å skape rette stemninga.

Vårshowet er ei av to årlege framsyningar der dei kring 150 dansarane får vise kva dei har lært på ballettskulen. Den andre framsyninga er juleframsyninga, som i år vert Snødronninga av H.C. Andersen.