– Å ta gode nordlysbilete er ikkje vanskeleg og du trenger heller ikkje eit dyrt kamera og linse. Med litt kunnskap og mykje øving kan du glede deg sjølv og dine venner med fantastiske bilete, opplyser Meier.
Komande veke startar Meier med workshop for nordlysfoto. og det er lagt opp til to ulike delar i workshopen.
– I den teoretiske delen lærer du grunnlaget, litt bakgrunnsinformasjon om nordlyset og alt du trenger for å kunne ta gode bilete. Du vil få hjelp å finne fram til innstillingane på ditt kamera. Vi vil gå grundig gjennom planlegging av ei nordlysfotonatt.
Den andre delen er sjølve fotograferinga.
– I den andre delen skal vi ut og fotografere. Vi vil køyre nokre kilometer med bil før vi kjem til ein gunstig plass for nordlysfotografering. Den praktiske delen vil vare i nokre timer, avhengig av forholda. Du vil få hjelp til å installere kamera og stille inn alt slik at du er klar når nordlyset dukkar opp. Du vil få rettleiing til komposisjon av bildet og hjelp til innstillingane.