Det vart ein magisk kveld med Arve Henriksen i Ørstakulturhus fredag. Trompetisten og orkesteret hans skapte ein heilt spesiellatmosfære, i ein miks av tonar, lyd ogbilete.
Arve Henriksen frå Stryn er ein av Noregs sine fremstejazzmusikarar. I 2005 fekk han Buddyprisen, norsk jazz si høgaste utmerking. Noer han hyra inn av Rikskonsertane, og reiser land og strand rundt saman meddraumebandet sitt – ein strykekvartett.
Med i orkesteret er utanom Henriksen på trompet og vokal:Nils Økland, hardingfele, viola d’amore, fele; Gjermund Larsen, hardingfele, bratsj, fele; Svante Henryson – cello og Mats Eilertsen – kontrabass - og i tillegg Tord Knutsen som videokunstnar og GeirØstensjø med lyddesign.
- Fin kveld
- Eg synest vi fekktil ein fin konsert i Ørsta i kveld. Sjølvsagt kunne vi ha ynskt meir publikum,men samstundes skjønar vi at folk vil vere heime på ein så flott kveld, seier Henriksen.
Likevel var det kring 80 personar som hadde teke turen tilkulturhuset denne kvelden. Dei kom frå heile Sunnmøre og Nordfjord.
Dei fekk høyre ein konsert der Henriksen utfordra publikum –med musikk frå det vare til det dramatiske, og frå det eksperimentelle til det melodiske.
Strykekvartett
Han har lenge ynskte å spele saman med ein strykekvartett, ogorkesteret var både samspelt og spelelystne. Publikum var lydhøyrt ogtakknemlege over det dei fekk høyre.
Vanlegvis spelar Henriksen på dei store scenene. Han er eingjengangar på dei store festivalane, og har spelt saman med mest alle dei storejazznamna i Norden. Då er det kanskje spesielt at han legg ut på ein turne medRikskonsertane, og søkjer scener der denne typen musikk sjeldan vert framført.
- Det er spennande.Det å vere på turne no på våren er heilt fantastisk. Vi får kome til mange nyestader, og får også sjå Noreg på sitt vakraste. I dag køyrde vi frå Molde tilØrsta i eit fantastisk ver, og det var berre veldig vakkert, seier Henriksen.
Rikskonsertane
Han synest det er viktig at også hans type musikk kjem uttil folk flest.
- Kall det gjerne smalt, men det høyrer med i heilskapen, ogdet er viktig at publikum får velje også denne typen musikk, seier Henriksen.
Faktisk er Henriksen-turneen ein av dei siste med Rikskonsertanesitt tradisjonelle konsept. Det er nemleg bestemt at kveldskonsertane si tid erover. Rikskonsertane vil konsentrere seg om skulekonsertar, og berre vissarrangørar sjølve tek initiativ, kan det verte kveldskonsertar. Og då medmindre støtte enn det som er tilfellet no. Det synest Henriksen er leitt.
"Smal musikk"
- Eg skjønar motivet, nemleg at slike konsertar med mykjestøtte fører til at prisnivået vert kunstig lågt, og kan gå utover aktørar somikkje har slik støtte. På den andre sida: Odd Nordstoga vil alltid fyllekulturhus med sine konsertar og ein høgare pris. Og det er ein fare for atsåkalla smale musikkformer ikkje får plass, seier Henriksen.
Konserten i Ørsta var den niande av i alt fjorten konsertar.