Laurdag 3. desember er det klart for årets vintermatiné. Det er Ørsta og Volda ballettskule som inviterer. Det er elevane i  jazz, hiphop og musikkteater som skal syne fram kva dei har jobba med gjennom hausten. Nytt av året er musikkteater.  Dei som går der er over 14 år og både syng og dansar.

Det er Heather Taws frå Canada som underviser alle som skal opptre laurdag.

Ho kom til Ørsta frå Toronto i haust.  Heather er 25 år og har ei solid utdanning bak seg i både i dans, song og drama. Ho har sjølv hatt roller i musikalar som "Footloose" og " Godspell".

Canada

Ballettskulen har tidlegare hatt tre andre pedagogar frå Canada. Og ofte har dei vore hjelpsame med å finne nye kandidatar til stillinga.

– Eg vart tipsa av Erika om å søkje på jobben, fortel Heater som trivast veldig godt i Ørsta/Volda.

Før ho flytta til Toronto vaks ho opp ein liten by på same storleik som Ørsta.

– Det var faktisk godt å kome frå storbyen Toronto til ein mindre stad, der alle kjenner alle, fortel ho.

– Korleis er forventningane til helgas show?

Motiverte elevar

– Eg er litt spent, men eg gler meg mest. Ho fortel at elevane er flinke og  veldig motiverte.

– Mitt inntrykk er at dei har hatt god framgang gjennom semesteret.

– Har de noko spesielt tema denne gongen?

– Nei, det viktigaste er at alle får vist fram kva dei har lært så langt i skuleåret, seier den blide ballettpedagogen som håper på fullt hus.